Helse Fonna og Høgskulen på Vestlandet inviterer deg til to spennande føredrag:

  • 26. SEPTEMBER 2018
  • Auditoriet, Haugesund sjukehus

KRIPOS: Du er viktigare enn du trur
Helsepersonell si rolle i avdekking av vald mot barn

Kåre Svang

«Jeg har sluttet å bli overrasket over hva noen utsetter barna sine for.»
Kripos-etterforsker Kåre Svang

Kåre Svang og Atle Berg er erfarne etterforskarar frå Kripos. Dei jobbar med nokre av dei verste valdssakene mot barn. Dei kjem til Haugesund for å dele av sin kunnskap. Korleis kan vi som helsepersonell avdekke vald mot barn? Innleiing ved fagdirektør Haldis Ø. Lier.

  • Påmelding innan 19. september (OBS: Det er separat påmelding til dei to føredraga)
    Stad: Auditoriet, Haugesund sjukehus. Kl. 10.30-12.00. Lunsj blir servert.

EDVIN SCHEI: Lytt. Lærerikt og nyttig om legerolla og kommunikasjon

Edvin Schei.png

Edvin Schei har brei erfaring med å undervise lege/pasient-kommunikasjon for studentar, allmenn- og sjukehuslegar. Han fekk Olav Thon-stiftelsens fagpris for framragande undervisning. Han er professor ved Universitetet i Bergen, fastlege og har utgitt fleire bøker, mellom anna «Lytt – legerolle og kommunikasjon».

  • Påmelding innan 19. september (OBS: Det er separat påmelding til dei to føredraga)
    Stad: Auditoriet, Haugesund sjukehus. Kl. 12.00-13.00. Kaffi og frukt blir servert.

Sagt om boka Lytt – legerolle og kommunikasjon

«Pasienter fortjener leger som kan kommunisere. Leger fortjener lærebøker som virkelig duger. Lytt er en slik bok.»
Professor Per Fugelli