PKO i Helse Fonna

Praksiskonsulentar

Praksiskonsulentordninga (PKO) er eit nettverk av allmennlegar som har ansvar for å utvikle samarbeidet medllom sjukehusavdelingar og allmennlegar / private spesialistar.

Viktige arbeidsoppgåver er tilvisingar og epikriser, kliniske retningsliner og pasientforløpsstudier.

I sin funksjon skal PKO medverke til å sikre heilskapen og kvaliteten i pasientforløpet. Vi har konsulentar i Haugesund, Stord og Odda.

 

Historisk tilbakeblikk på PKO-ordninga

Tidligere praksiskoordinator Bjarne Bråtveit gir et historisk tilbakeblikk på PKO i Helse Fonna. 

«Praksiskonsulentordninga i Helse Fonna blei starta opp, som den fyrste i landet, i 1995 etter initiativ frå Odd Jarl Kvamme, som framleis er fastlege på Stord. Eg kom med i 2004.

Me har særleg hatt fokus på samhandling ved inn og utskriving, som henvising, epikriser og medisinlister for å sikre sjukehuset korrekte bakgrunnsopplysingar ved innlegging, og fastlegane nok opplysingar til rett oppfølging etter utskriving.

At epikrisa skal fylgje pasienten ved utskriving har lenge vore eit krav som det nå har blitt meir generell aksept for.

Når det gjeld epikriser frå langtidsbehandling ved psykiatrisk avdeling har me fokusert mykje på at fastlegane skal bli haldne informert kontinuerlig under behandlingsforløpet.

PKO har deltatt i fleire prosjekt/ komitear som har hatt som mål å betre kvalitet i tenestene og betre samarbeidet mellom sjukehusa og fastlegane. Her kan nemnast psykiatri inkludert BUP, tvang innan psykisk helsevern, rusomsorg og lindrande behandling.

Praksiskonsulent Lars Johan Lysen har hatt ansvar for akuttmedisinkurs. Avvik skal meldast som avvik, men PKO tar gjerne mot saker eller hendingar der fastlegar er misnøgde med sjukehusa, eller andre vegen når sjukehuslegar er misnøgde med fastlegane.

PKO er ein viktig uformell møteplass mellom sjukehusadministrasjon, sjukehuslegar og fastlegar, der sjukehuspersonell kan stikke innom PKO-kontoret og diskutere aktuelle problemstillingar. Mi erfaring gjennom desse 10 åra er at både fastlegane og sjukehusa er interesserte i å få til gode tenester og eit best mogeleg samarbeid.

Sjølv om det kanskje ikkje er så lett å peike på konkrete resultat trur eg at PKO er viktig for samarbeidet. Me blir tatt godt imot på sjukehuset, og eg vil oppmode fastlegane til å bruke PKO aktivt, både ved å ta opp misnøye, og ikkje minst kome med forslag til forbetringar».

%d bloggarar likar dette: