Frå denne datoen held vi til i 4.etasje i nybygget i Haugesund. Vi gler oss masse til å ta i bruk dei flotte nye lokala våre.

Du som er rekvirent vil merke at vi blir meir automatisert. Frå klokka 11.00 denne dagen vil tenestekatalogane våre bli oppdatert for å gjere endringar knytt opp til de nye løysingane våre.

Den største endringa vil vere at det er behov for færre prøverøyr, då eitt prøverøyr vil kunne analyserast på fleire instrument.

Hentetenesta

Hentetenesta vil fortsette som før, men det vil bli ei endring måndag og tysdag veke 35 – UNI-K vil kjøre fredagsrute desse dagane.

På den måten får vi analysert mange prøvar måndagen i dagens lokale, vi flytter til nytt bygg tysdag og så analyserer vi alle prøvar som UNI-K hentar for oss tysdag i nybygget.

Ein så stor flytteprosess kan by på nokre utfordringar i starten, men vi har planlagt så godt det går an i detalj. Takk for forståing.

Utvida analyserepertoar

Medisinsk biokjemi planlegg for å gå i gong med nye analysar etter innflyttinga, som allergianalysar og virusserologi. Følg med i labhandboka vår.

Slik får vi det i nybygget

Laboratoria på Haugesund flytter nå over i flotte lokalar og vi får nesten helt ny instrumentpark.

Medarbeidarane på medisinsk biokjemi har vært med i byggeprosessen av denne nye blokka og i innkjøp av instrument til ny «analysehall». Vi er glade og stolte over alt arbeidet som er gjort.

Å flytte til nytt bygg og gå i drift med nye instrument krev mykje arbeid. Vi har verifisert og testa alle nye instrument for å vere sikker på at dei innehar ønska kvalitet på prøvesvar. Vidare har vi også undersøkt alle analysane vi har på vårt repertoar for å sikre også desse.

Med venleg helsing Anne Mari Hagen, funksjonsleiar, og Sutirtha Chakraborty, avdelingsoverlege.