Sjølvmord er eit utbreitt samfunnsproblem. Helse Fonna ønsker å bidra til å auke kunnskap og samarbeid om sjølvmordsrisikovurdering og -førebygging mellom primær- og spesialisthelsetenesta.
Dette mini-webinaret passar for deg som vil bli tryggare på vurdering av sjølvmordsrisiko, som ønsker meir kunnskap om aktuelle tilbod i kommunane og betre samarbeid om pasientar med spesialisthelsetenesta. Vi håpar eit kort og læringstett program vil passe dei fleste.
Velkommen!
Datoar
- Sunnhordland 25. januar kl. 15.00-15.30.
- Nord-Rogaland 26. januar kl. 15.00-15.30
OBS: Du kan melde deg på kurs for ein annan region om det passar deg best. Innhaldet er stort sett det same, det er berre presentatørane som er frå lokalt DPS/kommune.
Program
- Introduksjon
- Psykisk helsehjelp – kontaktpunkt for fastlegane i kommunane
- Kontakt og samarbeid med oss i Helse Fonna
- Tellande e-læringskurs i sjølvmordsrisikovurdering frå NSSF – Nasjonalt senter for selvmordsforskning og -forebygging
Stad
Digitalt møte på Teams. Du får lenke når du melder deg på.
