Fødeavdelinga i Helse Fonna tilbyr no gravide elektronisk innskriving. Der gir dei relevante opplysingar til fødejournal i forkant av fødsel via helsenorge.no sin skjemakatalog. Dette erstattar tidlegare skjema.

Skjema dei gravide skal nytte ligg på Helse Norge:

Innskrivingsskjema for fødejournal forenklar prosessen og sparar tid for både jordmødrer, pasient og sjukehus. Samtidig sikrar det at sjukehuset har naudsynt informasjon.

Dette skjer med informasjonen

Data frå skjema vil komme tilbake til Helse Vest og lagrast som eit journaldokument i DIPS. Vi vil også få strukturerte data som vil handterast av eigen robot og registrerast i Natus.

Personalet ved fødeavdelinga vil kvalitetssikre at innsendte data kjem riktig inn til Natus.

Slik fyller gravide ut skjema

For å nytte skjema må den gravide ha personnummer og digital identifikasjon som Bank-ID. Alle opplysingar må skrivast inn då det ikkje er mogleg å legge til vedlegg.

Skjemaet er per i dag på bokmål, men det kjem etter kvart på engelsk og nynorsk.

Ved alle kontrollar i svangerskapet og innlegging ved fødeavdeling må den gravide ta med følgjande:

  • Innsendt skjema frå Helse Norge
  • Helsekort for gravide
  • Svarskjema med Blodgruppe og Rhesus
  • Ultralydskjema
  • Eventuelt andre blodprøvesvar ho har fått

Gravide som ikkje kan fylle ut skjema digitalt må sende inn papirutgåva som før, saman med prøvesvar og andre skjema.

Kva skal de som helsepersonell gjere?

Vi ber de informere gravide om innskriving i fødejournal. De kan også dele ut vedlagte brosjyre.

Takk for hjelpa.