I desember startar Helse Vest ein befolkingskampanje for å førebygge sjølvmord.
Samtidig tar Helse Fonna i bruk NSSF sitt e-læringskurs i vurdering av sjølvmordsrisiko for sine behandlarar innan psykisk helsevern.
Kurset er også tilgjengeleg for deg som er fastlege.
Mange er i kontakt med helsevesenet før eit sjølvmord
«Snakk om sjølvmordstankar. Det kan redde liv.» Dette er hovudbodskapet i kampanjen frå Helse Vest.
Samtidig som vi oppmodar folk om å snakke med kvarandre, må vi som jobbar i hjelpeinstansane bli stadig betre til å fange opp og handtere pasientar med auka sjølvmordsrisiko.
Ein norsk studie viser at mange er i kontakt med fastlege eller psykisk helsevern i tida før eit sjølvmord.
Heile 80 prosent hadde vore i kontakt med fastlegen sin i året før sjølvmordet, og 1 av 3 den siste månaden (alle typar henvendingar, både somatikk og psykiatri).
Rundt 30 prosent hadde vore i kontakt med psykisk helsevern i året før[1]. Korleis kan vi bli betre til å fange dette opp?
Tellande kurs for legar og psykologar
NSSF (Nasjonalt senter for selvmordsforskning og -forebygging) sitt e-læringskurs er inndelt i fem modular og tar omtrent 2 timar å fullføre.
Kurset er godkjent som valfritt kurs (3 timar) til vidare- og etterutdanninga for allmennmedisin og barne- og ungdomspsykiatri.
Kurset er godkjent som 3 timars vedlikehaldsaktivitet for psykologar.
I Helse Fonna inngår kurset som obligatorisk undervisning for aktuelle behandlarar.
- Du kan lese meir og starte kurset her: https://selvmordsrisikovurdering.no/
- Du kan lese meir om Helse Vest sin kampanje her: https://helse-fonna.no/nyheiter/vil-at-fleire-snakkar-om-sjolvmordstankar
Har du spørsmål om kampanjen kan du kontakte kommunikasjonsavdelinga i Helse Fonna: kommunikasjon@helse-fonna.no
[1] https://www.fhi.no/nyheter/2019/kan-fastleger-bidra-mer-til-selvmordsforebygging/