​eMeistring tilbyr veileda internettbehandling til pasientar som slit med panikkliding, sosial angst eller depresjon.

Kva er eMeistring?

eMeistring er rettleia internettbehandling som inneheld dei same elementa som ordinær kognitiv åtferdsterapi med behandlar i poliklinikk.

Behandlinga er nettbasert, og kvar veke får pasienten veiledning frå ein behandlar. Behandlinga er inndelt i kapitel med tekst dei skal lese, og oppgåver dei skal gjere.

Behandlinga varer inntil 14 veker.

Med internettbehandling vil paisentar sleppe reiseveg til behandlinga, og får muligheit til å jobbe med behandlinga når det passer best for dei.