Vi følgjer situasjonen og har planlagt for korleis vi skal handtere det viss vi får inn pasientar med mistanke om eller påvist smitte. Vi har også kontakt med legane i kommunane for å sikre eit godt samarbeid i ein slik situasjon.

 ​Det seier smittevernoverlege i Helse Fonna Randi Ofstad.

Helse Fonna har laga retningsliner for handtering av pasientar med mistanke om eller påvist smitte og vore i kontakt med fastlegar i Helse Fonna sitt opptaksområde. Det er Folkehelseinstituttet sine tilrådingar som ligg til grunn for arbeidet.

– Kommunane har eit sjølvstendig ansvar for sin beredskap, så det viktigaste for oss er å sikre godt samarbeid og dialog dersom ein lege i primærhelsetenesta ønsker å legge inn ein pasient med mistanke eller påvist smitte av Corona-virus hos oss på sjukehuset, seier Ofstad.

Helse Fonna ber om at legar i primærhelsetenesta:

  • Kontaktar vakthavande medisinsk overlege ved behov for å konferere
  • Tydeleg kommuniserer mistanke om smitte før eventuelle pasientar blir sendt til sjukehuset, både til transportør og mottak, og sikrar at denne opplysninga er mottatt og forstått.

 Desse personane blir testa for smitte

Folkehelseinstituttet tilrår så langt (per 7. februar) berre testing av personar som både har symptom med hoste, kortpust og/eller feber og som har vore i fastlands-Kina med heimkomst innan dei siste 14 dagane eller har hatt nærkontakt med ein person med påvist Corona-virus.

Folk må ta kontakt med fastlege eller legevakt på telefon dersom dei oppfyller desse kriteria.