Årleg arrangerast ei rekkje lærings- og meistringskurs for somatiske pasientar ved sjukehusa i Helse Fonna.

Sjekk kurskalenderen

Full oversikt over kva kurs som blir arranger framover har vi samla i kurskalenderen på helse-fonna.no. Her er også praktisk informasjon om deltaking på kurs og meir om tilvising.

Korleis tilvise?

Bruke dei elektroniske systema for tilvising og send ho til det spesifikke sjukehuset – Stord, Odda eller Haugesund – og den spesifikke fagavdelinga kurset gjeld.

Merk tilvisinga spesielt med «Lærings- og meistringskurs + diagnose/tilstand».

Tilvisinga blir vurdert av lege ved aktuell fagavdeling før pasienten eventuelt får tilbod om kurs.

Har du som tilvisar ikkje moglegheit til å sende elektronisk kan du framleis sende tilvising per post til sjukehuset.

Kva kurs finst?

Lærings- og meistringssenteret i Helse Fonna arrangerer jamnleg kurs for pasientar med:

  • KOLS
  • Multippel Sklerose
  • Hjarte (for alle som har hatt ei hjartehending)
  • Parkinson
  • Astma
  • Cøliaki
  • Diabetes type 2
  • Tinnitus
  • Ulcerøs Kolitt
  • Morbus Crohn
  • Nyre
  • Kurs for dei som har blitt overvektsoperert
  • Starthjelpkurs for foreldre som har fått barn med nedsett funksjonsevne
  • Foreldrekurs for dei som har barn med autisme
  • Foreldrekurs for dei som har barn med epilepsi
  • Plutseleg Vaksen
  • Ungdomskurs IBD

Kontakt Lærings- og meistringssenteret

Ta gjerne kontakt om du har spørsmål.